Klima og miljøfokus
Han er tydeleg på at når verdsamfunnet skal ta til på gjenopning, så er det ikkje ei gjenoppbygging vi treng, men nybygging. «Building forward better» heiter det på engelsk.
– Me kan ikkje bygge på fossil energi med dei gamle løysingane og vekstmodellane me hadde. No må me tenkje nytt og investere i nye og berekraftige løysingar, seier Solhjell.
Afrika vil ha eit enormt energibehov. 50 prosent av kvart nytt årskull framover vil komme frå dette kontinentet. Det betyr at Afrika må doble tilgangen på energi fram mot 2040.
– Dersom det skal skje med olje og gass vil det være ein massiv klimablunder. Afrika må gå føre og satse på grøn og fornybar energi og bli det grøne kontinentet, seier Solhjell.
Afrika må gå føre og satse på grøn og fornybar energi og bli det grøne kontinentet.
Jobbskaping
– Det er store mogelegheiter for jobb i det grøne skiftet. Det gjeld både innan forsking, utvikling og i fornybar energi, seier Solhjell, og syner til at det er utviklingsbankar som ikkje vil finansiere energitiltak bygd på fossil energi. Han seier at ein ikkje kan halde fram med jobb-fokus utan å ta omsyn til klima og miljø og ser at bistandsorganisasjonane begynne å ta dette innover seg. Men framleis er dette eit tema som treng meir merksemd og diskusjon.
– Framtidas bistand er grøn. Omsynet til klima og miljø må være 100 prosent med, og i Norad kjem me til å stille tydelege klimakrav til partnarane våre, seier han.