Et besøk endra heile gardsdrifta for bonden Vinod (38 ) frå Sri Lanka. Kva var det som hende?
SRI LANKA , Maligavila Rathtree Wehla
Tekst og foto: Egil Mongstad
For Vinod Saranga Rajasinghe (38) begynner arbeidsdagen kvar morgon klokka halv seks. 12 timar seinare er i han på nytt i fjøsen for å mjølke dei åtte kyrne der.
Vinod dreg opp ein påle ei av kyrne står bunde til og flyttar han til eit nytt beiteområde med meir friskt gras. Nokre meter unna har ei av dei andre kyrne hans tvinna tauet rundt ein lyktestolpe og kjem seg ingen veg.
– Det er mykje å passe på når ein driv gard, seier Vinod Rajasinghe og forsøker å løyse kua som har surra seg fast.
La om drifta
Foreldra dreiv garden og dyrka mais, ris, bananar, mango og kokosnøtter, men hadde ikkje husdyr. Vinod var den av dei fire syskena som ville drive garden. Det er her han vaks opp, gjekk på skule og tok eksamen for vidaregåande utdanning. Men han ville drive med husdyr. Han kjøpte ei ku og begynte å produsere mjølk. Han meinte det kunne gje litt ekstra inntekt i tillegg til den vanlege gardsdrifta.
– Garden er om lag 40 mål. Det er bra til å drive mjølkeproduksjon, seier den unge bonden.
Han bur med foreldra sine, er ugift, og trivst godt med arbeidet. No har dei delt drifta. Han har 12 – 15 kyr på beite, mjølkekyr og kviger som skal heim om nokre få timar, medan foreldra driv som før.
– Eit besøk frå kvinnenettverket mor mi er med i endra gardsdrifta.
Mors kvinnenettverk
Mor hans er medlem i kvinnenettverket Woman Development Federation (WDF), ein lokal organisasjon og Strømmestiftelsens samarbeidspartnar gjennom fleire år.
WDF arbeider mellom anna for å hjelpe folk ut frå fattigdom gjennom mikrofinans, med landsbyutvikling og med å fremje rettar og å styrkje vanskelegstilte sin plass i samfunnet. Ein dag kom dei på besøk til garden.
Besøket
– Eit besøk frå kvinnenettverket mor mi er med i endra gardsdrifta. Dei såg kva eg hadde og meinte me kunne få til god mjølkeproduksjon her og oppmoda meg til å satse på det, fortel Vinod.
No driv han eit mønsterbruk med 20 dyr. På båsen har han åtte mjølkekyr. Resten er kviger og kalvar. Han har tett kontakt med den lokale veterinæren, og gjennom det har han sunne dyr og kan sikre seg avl av gode mjølkekyr. Han får òg god oppfylging frå WDF, som hjelper med råd og rettleiing.
(Artikkelen held fram under bilda.)