Når prisane stig, mat blir dyrare og avlingane dårlegare, trengs Strømmestiftelsen og arbeidet vårt meir enn nokon gong.
Ein spørjerunde til alle våre landskontor og regionskontor fortel at fattigdommen er på veg opp igjen i landa me arbeider i. Krisene me er inne i no set langvarig innsats og kamp mot fattigdom tilbake for fyrste gong på mange tiår. Prisane på mjøl, olje, gass og kunstgjødning stig. Mat blir dyrare og avlingane dårlegare på grunn av mangel på kunstgjødning. Og som alltid går det verst ut over dei fattigaste, som får dårlegare kjøpekraft. Nokre fortel at talet på måltid per dag er redusert frå tre til eitt.
Når verda er slik trengs Strømmestiftelsen og arbeidet vårt meir enn nokon gong. Vårt oppdrag er å utrydde fattigdom. Det gjer vi på vår måte gjennom utdanning og jobbskaping. Og det me gjer set spor etter seg Det forsøker me å vise fram i dette bladet, der du kan møte fleire personar som har kome ut frå fattigdom, får skulegang og ser framover fordi dei møtte Strømmestiftelsen og arbeidet me gjer.
Å stå saman med dei svakaste er ein styrke med det norske samfunnet. I årtider og gjennom generasjonar har me vist det. Difor er det heilt uforståeleg, slik den globale krisa no utviklar seg, at styresmaktene våre vil ta frå bistandsbudsjettet og let dei fattigaste betale rekninga for ukrainske flyktningar i Noreg. Noreg skal støtte alle flyktningar som kjem til landet vårt. Men det er ikkje dei fattigaste som skal betale rekninga for det, slik regjeringa legg opp til.
Strømmestiftelsen skal hjelpe folk ut frå fattigdom. Det har me gjort gjennom heile vår historie, og det skal me halde fram med også gjennom den krisa me er inne i no.
Egil Mongstad
Redaktør