Samvad
No er 18-åringen elev i ein av Samvad-klassane i landsbyen. Her får ho teke igjen litt av den utdanninga ho aldri fekk då ho var yngre. Saman med 25 andre unge jenter er ho den einaste som er skild, medan fleire av dei andre jentene er barnebruder og framleis gifte.
– Klassen betyr mykje. Det er så mykje erfaring og felles opplevingar her. Det gjer det lett å snakke. Fleire enn ti av oss er gift, og nokre har born, fortel tenåringen.
No bur ho saman med far sin og den nye kona hans. Ho steller og kokar. Ho har mange oppgåver og er sjeldan ute, berre når ho skal i Samvad-klassen, eller finne ved og hente gras til dyra. Ho har sjeldan fri.
– Gutane kan leike og er meir frie, men oss jenter i denne kulturen er bundne til gamle tradisjonar som held oss nede, seier ho.
Draumen om ei symaskin. – Mor døydde tre månader etter at eg hadde gifta meg. Eg har ein eldre bror som har støtta meg og ville at eg skulle fortsetje på skulen. Men slik blei det ikkje. No skal eg arbeide for at dei yngre søstrene mine skal få utdanning, noko eg aldri fekk. Og dei skal i alle fall ikkje oppleve å bli tvangsgifte, slår ho fast.
– Det er nærast ei ulukke å bli født som jente i dette samfunnet. Eg hadde ein draum om å bli lærar. Bryllaupet øydela alt, og eg kjem aldri til å gifte meg på nytt, seier ho.
No set ho si von til det ho har lært på livsmestringskurset og at fellesskapet og det ho lærer der kan ta henne vidare. Draumen er å lære å sy og å få ei symaskin som kan gje litt inntekt og eit anstendig arbeid.
– Men ei symaskin er dyr og kostar 15 – 16 000 rupi (ca. 1200 kroner) og det er pengar eg ikkje har, seier Urmila.
(PS! Etter samtale med den lokale samarbeidspartnaren SAHAS – ville Strømmestiftelsen i Nepal hjelpe Urmila så ho kunne få den symaskina ho trengde. Planen var at ho skulle få eit sykurs og etter det ei symaskin.
Nokre få veker etter at dette intervjuet blei gjort blei Urmila gift igjen. Om det var friviljug eller med tvang har me ikkje klart å få greie på. Å være ugift kvinne og bu med foreldre og steforeldre kan være vanskeleg. Og for å unngå skam og nedsetjande snakk gifte ho seg og reiste frå landsbyen og til eit heilt anna distrikt.
Når me no fortel denne historia er det for å syne kor vanskeleg det kan være for kvinner å vekse opp med gamle tradisjonar og med forventningar som bind, og langt på veg legg føringar for livet. (Red.anm.)
Tekst og foto Egil Mongstad, Rolpa, Nepal